Med sterkt aukande matvareprisar, mangel på mat, og i eit samfunn prega av væpna konfliktar og utryggleik, kjem kvinner i Mali saman for å spare og støtte kvarandre.
MALI, Monetgoula
DANAYA er namnet på den heilt nye spare- og lånegruppa i Kinane, eit område i bydelen Montegoula utanfor Bamako i Mali. Namnet på gruppa tyder tillit. Framleis er mykje nytt for dei 30 kvinnene i gruppa, som starta for nokre få månader sidan. Men alt no ser dei kva gruppa og fellesskapet kan bety for dei.
– Dette vil hjelpe. Det kan endre liva våre, og vere med å gje oss ei innkome og eit betre liv. Når du ikkje har ein jobb, kan dette bety mykje, seier Mariam Sacko, ei av kvinnene i gruppa.
Samarbeid gjev styrke
Kvar torsdag kjem ho og dei andre saman på gardsplassen til ei av medlemmane for å spare og låne. På møta snakkar dei òg om felles utfordringar og dei deler gleder med kvarandre. Å kome saman slik er heilt nytt, og det å snakke om felles problem er dei heller ikkje vane med. Å spare har dei vore vane med frå før, men no skjer det i ein større samanheng. Fram til no har dei spart 100 CFA (1,50 kr) på kvart møte.
Gruppa kan hjelpe oss i ei vanskeleg tid.
Mariam Sacko
– Det er altfor lite. Skal dette ha noko å bety, må de spare meir. Me skal være med å rådgje, rettleie og hjelpe slik at de kan sjå kva moglegheiter dette kan by på. Difor er det viktig at de også aukar sparebeløpa, seier rådgjevar for spare- og låneprogrammet i Strømmestiftelsen, Mariame Coulibaly. Ho forklarer at fleire i gruppa må ta lån, og at med å auke sparebeløp vil fleire kunne låne og investere, og med det tene meir.
– For dei fleste er dette nye tankar. Montegoula er nybyggjarområde, og mange har flytta hit frå Bamako, fortel Sita Belem, ei av kvinnene i gruppa.
Utryggleik og matmangel
Heller ikkje dette området er upåverka av den vanskelege militære situasjonen i landet. Fleire her er internt fordrivne på grunn av mangel på tryggleik, andre har flytta hit av andre grunnar. Dette, saman med pandemien, gjer at fattigdomen aukar.
– Difor vonar me at dette kan hjelpe oss, seier Sita Belem. Ho fortel at mange ikkje har nok mat å ete. Nokre fortel at dei har lite, og andre seier dei kan dekke dei heilt grunnleggande behova for mat, klede og helse. Fleire fortel at dei har gått frå å ete tre gonger om dagen til no, to og eit måltid.
Når du berre har eit bestemt beløp å handle for, og beløpet ikkje endrar seg, betyr det at det blir mindre mat når prisen stig.
Auka matprisar
Pandemien har gjort alt dyrare. For få veker sidan kosta eit kilo sukker 450 CFA (6,80 kr). No er prisen 600 (9,10 kr).
– Det er mykje, og me får mindre for pengane våre no. Det er ikkje lenge sidan eit kilo kjøt kosta 2300 CFA (35 kr) per kilo – no må me betale 2800 (42,50 kr), seier ei av kvinnene.
– Når du berre har eit bestemt beløp å handle for, og beløpet ikkje endrar seg, betyr det at det blir mindre mat når prisen stig – og nokre gonger vil det også seie mat av dårlegare kvalitet. Når du til dømes kjøper ris av dårlegare kvalitet, et du også dårlegare, seier ei, og fortel at i hennar familie er det borna som får ete først, og dei vaksne får mat etter dei.
Tillit og ny von
– Situasjonen er vanskeleg. Difor er gruppa så viktig. Den kan hjelpe oss i ei vanskeleg tid, seier Mariam Sacko, og får samtykkjande nikk frå dei andre.
På gardsplassen held ei ung kvinne på å lage dagens middag. Strimlar med dyrefeitt blir delt opp og satt på kok i ein kjele på det brennande bålet i grua. I bakgrunnen er kvinnene i ferd med å bryte opp. Dagens møte er over. Nye tankar og litt meir kunnskap om sparing, har gjeve litt større von om ei betre framtid saman og i tillit til kvarandre.
Tekst og foto: Egil Mongstad