Viktigare enn skule
– Å få foreldre til å forstå kor viktig det er at borna går på skulen kan være ei utfordring, seier Issa Sawadogo. Han er leiar i foreldrekomiteen for Speed School i Boussouma, og ser korleis mange born droppar ut av skulen for å arbeide. Pandemien har gjort enda fleire fattige, og foreldre vel å halde borna sine heime slik at dei kan arbeide framfor å gå på skulen.
– For mange foreldre er pengar viktigare enn skulegang. Difor er Speed School gratis, seier Raichu Ilboudo, programkoordinator for Strømmestiftelsens samarbeidsorganisasjon, Foundation Develoment Community (FDC). I dag har ho ansvar for 10 senter i området med 25 elevar på kvart senter.
Utfordringa er foreldre som ikkje skjønar kor viktig det er å få ei utdanning. Dei har aldri lært å lese og skrive. For dei er arbeid viktigare enn skule.
3100 stengde skular
Mange born arbeider i gullgruvene og drøymer om den store rikdomen.
– Men jobben er farleg og tek mange liv, seier Issa Sawadogo, og fortel at born heilt nede i 10-års alderen sluttar i skulen for å arbeide i gruvene eller for å hjelpe til heime.
Utfordringa er foreldre som ikkje skjønar kor viktig det er å få ei utdanning. Dei har aldri lært å lese og skrive. For dei er arbeid viktigare enn skule, seier Sawadogo. I regionen har frykt for jihadistar og terrorfrykt stengt 3100 offentleg skular. 2000 av dei er i Mali, 1000 i Burkina Faso og 100 skular i Niger.
– Me vil også stengje Speed School senter dersom det er trong for det, og det har skjedd i nord. Men til no har alle sentera i våre område halde opne, seier Issa Sawadogo. Ein av sønene hans fekk ein ny sjanse med Speed School og går no i sjette klasse. Han er glad for det skulen betyr borna og framtida deira og meiner Speed School er trygg.
Tekst og foto: Egil Mongstad