Kakesal mot fattigdom
Dei strålar i kapp med den skinande sumarsola, dei tre borna som rigga til kakesal på Vigra utanfor Ålesund i sumar. “Hjelp oss å hjelpe fattige born i verda! Kjøp kaker og sånn, vi sender pengane til Strømmestiftelsen”, stod det på plakaten.
Det byrja med at Olivie tømde sparegrisen sin. Så ville ho selja fleire av leikane sine, og til sist blei det kakebaking og salsbod. Og salet gjekk unna! Når dagen var over og pengane var talde til stor jubel, hadde dei seld for heile 2240 kroner til bruk for å hjelpe fattige born.
– Me har stor respekt for Strømmestiftelsen og likar korleis sjølvstende, bistand for å stimulere personleg vekst og vekst i lokalsamfunnet, samt berekraft er så tydeleg, skriv mamma Kristin i ein e-post til Strømmestiftelsen.
Og me har stor respekt for borna som gjorde dette og takkar for innsatsen og for gåva.