2019-nepal-girl-heavy-burden-gras-photo-egil-mongstad (800x791)
Ung jente med tung bør på ryggen. Foto: Egil Mongstad

Verden i bilder

Her kan du sjå bilder og bli med inn i situasjonar som viser noko av dagleglivet, strevet og kvardagen til menneska Strømmestiftelsen arbeider med.

kartmarkor-magenta NEPAL

 


Ei ung jente bærer ei tung bør med gras på ryggen. Graset skal ho ha til husdyra. Vegen ho går på passarar forbi skulen. Men ho går ikkje der. Framleis er det mange born i Nepal som ikkje er på skulen. Ifylgje UNICEF gjeld det 770 000 born i alderen 5 til 12 år.   
 

2002-bangladesh-musicians-photo-egil-mongstad (1287x1218)

Musikerne i Bangladesh

Ei gruppe musikarar og ei dansegruppe i ein landsby i Bangladesh. Musikk og dans er viktig i alle kulturar og betyr mykje, også for identitet, sjølvkjensle og samkjensle. Kultur kan til dømes være ein sterk bidragsytar til å førebyggje sosial distansering og ekskludering, og fremje samarbeid og fellesskap. 
Foto: Egil Mongstad
 

2021-niger-cmmf-group-women-peanut-butter-cakes

Peanøttpikene i Niger

I denne spare- og lånegruppa fra Niger er det fleire som har nedsett funksjonsevne. Eit av tiltaka dei gjer saman er å lage peanøttsmør og kaker av peanøtter som dei sel til inntekt for gruppa. Varene har dei i den lilla og svarte bøtta. 
Foto: Egil Mongstad

2000-sri-lanka-fish-marked-photo-egil-mongstad (1308x1328)

Småfisk på Sri Lanka

Ei kvinne på markanden sel tørka, små fisk. Tilfanget på ulike fiskeslag i Sri Lanka er stort og omfattar over 100 ulike artar. På Sri Lanka står fisk for om lag 50 prosent av befolkninga sitt proteininntak, meir enn tre gonger gjennomsnittet i verda. Fiskeindustrien i landet sysselset nærare 600 000 menneske, og er også ei viktig eksportnæring.  Foto: Egil Mongstad

Oppdatert torsdag 24. mars 2022